torsdag 30. juli 2009

Honey, I'm home


tirsdag 14. juli 2009

Heim til mor

Då var eg ENDELIG heime i Viksdalen att. Barndommens dal. Og det er fantastisk godt. Det er så grønt og vakkert her. Og så frisk luft. Men på ein måte er det som om eg var her for ei veke sidan. Det er rart korleis ein raskt kjem tilbake til det gamle. Eg har ete grandiosa og kjøttkaker, leverpostei og fårepølse.

No er det vel på tide og legge ned denne bloggen, i og med at Silje ikkje lenger er at Monash. Kanskje lagar eg ein ny blogg der eg skriv om livet etter Australia. Ken veit. Uansett, takk til alle som har følgt meg på reisa. Håpar dokke har hatt det like kjekt som eg har!

Silje is back in Norway!

torsdag 9. juli 2009

China girl


Ja no ER eg i Hong Kong og det er jo Kina sjølv om relationshipstatusen til Hong Kong er litt comlicated (no longer in a relationship with UK). Hong Kong er for det første veldig varmt heile tida. La meg minne om at eg kjem rett frå vinter. Det er altfor mykje folk overalt og ganske stressande. Alle er veldig effektive. Thankyoubye kjem utan pust i mellom. Og det er butikkar alle plassar, med mykje jalla og bling bling. Men Hong Kong er likevel OK + for eit par dagar.

Eg seier som Rybak: Kom å møt meg på Gardemoen søndag kl 11.00. I motsetning til han har eg allereie snakka med Oslo Lufthavn og dei trudde dei skulle klare og ta imot alle. Dei hadde jo ein lita øving på dette tidligare i år.

mandag 6. juli 2009

We'll meet again

Så var det tid for å ta farvel med Australia og legge på heimveg etter godt og vel 5 månader. Eg har hatt eit veldig bra opphald og eg vil utan å nøle ta i bruk klisjear som: eg har lært mykje, eg har sett mykje, eg har opplevd mykje, eg har erfart mykje, eg har møtt mykje kjekke og rare menneske, eg har utvida min horisont og forstått litt meir av korleis verda fungerar. Men for å ikkje drepe deg meir enn nødvendig med slikt vil eg gå over til å fokusere på kor forferdelig mykje eg gledar meg til å komme heim no, og til å sjå nettopp DEG igjen (untatt om du berre er ein random person som les denne bloggen).

Kjære Australia, på mange måtar var du slett ikkje som eg trudde, men på mange måtar levde du veldig opp til forventningane. Du kan i grunn tilby det meste som er og tilby. Du er veldig vennlig og avslappa og det er vanskeleg og ikkje like deg.
Beklagar Australia, eg har brukt altfor masse vatn og slept ut litt mykje CO2, men eg la igjen litt penga så eg håpar det går bra. We'll meet again, don't know where, don't know when. See you love, see you mate!

søndag 5. juli 2009

Country House

Idag var eg på besøk til ei australsk jente frå klassen min og ble tatt med som turist rundt omkring i området. Det var stas. På bilde er meg, Jess og søstra hennar.



Først tok vi Puffing Billy, eit 100 år gammalt damptog. Det er visst nok om å gjere å sitte med føtene utanfor slik som som på bilde over. Men det var litt kaldt. Kvar gong vi køyrte forbi noken folk måtte vi vinke med flagga. Plutselig køyrte vi over ei gammal trebru som såg skikkelig rotna ut og eg var sikker på den skulle dette ned.

Så var eg for første gong heime hjå ein australsk familie og åt lunsj. Den besto av graskarsuppe og pai. Etterpå tvinga faren i huset meg til å smake vegimite, eit typisk australsk pålegg som alle visstnok et. Det smakte HEILT forferdeleg. Ei blanding av hapå og pianøttsmør som er salta, berre at det er ti gongar eklare.

Dei hadde eit kjempefint gammaldags hus med mange antikvitetar, og hagen var veldig idyllisk med plantar og trefigurar som i Amelie filmen. I grunn litt som ein forestiller seg ein australsk heim på landet skal vere, men i realiteten er det berre mindretalet som bur slik. Det var grøne bakkar og langt mellom husa. Jammen gikk det ikkje kyr og beita der og. Så hadde dei disse og trampoline, og vi spelte footie på bøen til naboen. Faren til Jess snakka ganske utydelig og hadde kjeledress og skjegg (det siste avsnittet høyres ut som ein skildring av min eigen heimstad og når eg les det igjen slår det meg at NO har eg vore for lenge vekke!).

Men det beste av alt var pianoet som dei hadde. Det såg ut som eit heilt vanlig gammalt piano, men spelte av seg sjølv om du trykte på pedalane. Det hadde nemlig ein rull ein kunne sette på med hakk i som fekk dei rette strengane på baksida til å bevege seg, og slik spelte det av seg sjølv. Så då kunne ein berre sitte der og pumpe med føtene og late som ein spelte. Ved å bytte rull kunne du bytte sang. Det var visstnok importert frå USA for lenge sidan. SÅNN VIL EG OG HA!


Etterpå mata vi typiske australske fuglar i Dandanong Rangers og tok ein tur i skogen og såg noken skikkelig store tre, både I FORHOLD til både breidd og høgd.



lørdag 4. juli 2009

Winter Wonderland


Den siste veka har eg, Ingebjørg og Kamilla vore i New Zealand. Eit veldig vakkert land som minner veldig om Norge, men uheldigvis ganske kaldt akkurat no ettersom det er vinter. Turen var heller ikkje utan komplikasjonar. Det heile starta med at vi nesten ikkje rakk flyet fordi vi mangla dokumentasjon på at vi hadde retur billett frå landet. Ein kan jo ikkje sleppe nokon inn i landet uten å vite at dei skal ut igjen liksom, det skulle tatt seg ut. Vi hadde sjølvsagt ikkje tenkt på dette ettersom vi trudde at Australia og New Zealand er samme greia! Vi måtte springe til den andre sida av flyplassen for å skaffe oss denne utskrifta, for vi skulle sjølvsagt fly med eit anna selskap heimigjen. Undertegna var vel mildt sagt stressa og hadde høg puls og blosmak i munnen. Men på flyet kom vi.

Etter ei natt i Christchurch bestemte vi oss for å leige bil å køyre nedover til Queensland. Det var veldig mykje vakker natur å sjå på vegen ned. Men igjen møtte vi store utfordringar (ikkje problem, berre utfordringar). Det var nemlig snø over fjellovergangane. Problemet (ikkje utfordinga) til dette landet slik eg ser det er at dei ikkje har høyrt om vinterdekk. Dei oppererar nemlig med kjettingar, men desse kan ikkje brukast dersom veien ikkje er dekka av snø. Eg måtte sette meg bak rattet og bruke mine Rørvikfjellet første juledag skills. Og fram kom vi i god behald, sjølv om blotrykket låg over gjennomsnittet.

For å ungå vidare problem bestemte vi oss for å ta bussen tilbake igjen etter og ha vore i Queenstown nokre dagar. Lettare sagt enn gjort. Snøen ga oss utfordringar nok ein gong, og vinterdekk mangel ga oss PROBLEM. Ein busstur som skulle ta 6 timar tok 12 på grunn av diverse omvegar. Men det verste var når bussen begynte å skli sidelangs ned ein ganske bratt bakke, og sjåføren etter altfor lang tid tilslutt bestemte seg for å sette på kjettingane. Då hadde han allereie snakka i telefonen med den andre bussjåføren og spurt: -Kor lang er denne bakken eigentleg?" På dette tidspunket var eg seriøst redd.


Latterleg lite snø byr på store utfordringar. Kan noken vendligst ta ansvar for å intrudusere vinterdekk til desse folka?

Ei av jentene på bussen var frå Australia og hadde aldri sett snø i sitt liv. Ho forsto ikkje kvifor vi kunne sitte i ro inne i bussen når det SNØA ute.

Men no skal ein sjølvsagt ikkje berre legge vekt på alt det negative med turen (har forresten ikkje sagt noke om at Kamilla fekk fartsbot). Kamilla fekk hoppa i fallskjerm uten ytre skader, medan eg og Ingebjørg hadde nok med å ta ein skiheis og køyre ein akebrettliknande bil ned att. Vi reid på hest i omgjevelsane til Ringenes Herre filmen. Det var ganske så kjekt sjølv om eg ikkje kunne føle føtene mine etterpå på grunn av kulda. Vi fekk sett mykje fin natur som minte oss om vart O kjære fedreland.



JA for det var ganske kaldt og eg er FULLSTENDIG klar over at det er 30 grader heime no, men gilt var det no likevel.

Dei andre fekk erta meg ein del fordi eg blir litt gretten når eg ikkje får mat eller må tisse eller er trøtt. Men så fekk Ingebjørg også gjennomgå ein del fordi ho er bitte bitte bitte bittelitt gneten, og alltid reknar om pengar. Kallenamn som Gnetnebjørg og Valutabjørg vart flittig brukt. Men ho var no jammen god å ha når skyldingsen skulle gjerast opp (jadå Gunnhild vi kallar det fortsatt det). Reknebjørg er også Flinkebjørg:)


Fjella på New Zealand virkar mykje større enn fjella heime. Kanskje litt fordi dei er det. Kanskje litt fordi det er ganske flatt ellers og så plutselig kjem det store fjell. Heime har vi jo bakkar, dalar og mindre fjell rundt dei store. Det var oogså litt rart å sjå palmar og fjell med snø i same augesyn.

Vi fekk også sett havet og noken galninga som surfa i kulden. For å ikkje snakke om noken veldig fotogene måsar.





Skulle ha vore der lenger, men ein får ta det att ein anna gong, kanskje om SOMMAREN!

Ingebjørg for tilbake til Brisbane, eg og Kamilla til Melbourne for dei tre siste dagane her. Det blei plutselig veldig godt og varmt med 7 grader.